Når vi midt i september samlast til vår faste månadlege øving, er det denne gongen med innleigd ekspertbistand på det rytmiske. Erik Smith må kunne seiast å vere sjølvaste storband-trommeslagar nummer ein her i landet, og 15.-16. september kjem han til oss. Det ser vi veldig fram til!
Eit storband er eit av dei minst fleksible ensembla vi har når det gjeld besetning og instrumentsamansetting. Det skal til dømes vere akkurat 2 alt-saksofonistar, 2 tenorsaksofonistar, ein barytonsaksofonist, 4 trompetarar og 4 trombonistar. Samt 1 pianist, ein gitarist ein bassist og ein trommeslagar.
Kvart år leiger vi i Namdal Storband inn ein utøvar på eit av desse instrumenta, eller ein storband-leiar av nasjonal kapasitet for å inspirere og motivere oss til å bli litt betre til det vi driv med. For vi ser på det som svært sunt for bandet at det ikkje berre er eg – altså bandets faste musikalske leiar og som altså skriv det du no les – som skal gi impulsar og instruksjonar til storbandet. Namdal Storband ynskjer å utvikle seg i fleire retningar, og bygge eit solid regionalt storband. For heile Namdal 🙂
Tidlegare inspiratorar og seminarhaldarar vi har benytta oss av har vore til dømes min med-sunnmøring trompetaren Sturla Hauge Nilsen – og Namdals eigen maestro Tor Halvard Nilsen. Dette har vore inspirerande og lærerikt både for bandet og for meg som musikalsk leiar og pianist. Og når årets storbandkapasitet dukkar opp på Kolvereid for «rytmisk seminar» 15. og 16. september er det kanskje vår trommeslagar Eskil som er mest spent. Og som garantert gler seg litt ekstra. For i år har vi henta inn – i mine auge – den aller fremste storbandtrommeslagaren vi har i landet. Erik Smith.
«Erik Smith er kanskje den eneste i Norge som med rette kan kalles storband-trommeslager.» -Terje Mosnes, Dagbladet.
Erik skal i to lange men herlege dagar drille oss i «rytmisk storbandgymnastikk» – noko som samstundes blir vår siste finpuss på eit konsertprogram vi har jobba med gjennom våren og sommaren. Dette er eit program vi får gleden av å presentere for Namsos i oktober på ein samarbeidskonsert med musikkorpset der – og i Grong i november under ein konsert der. Samstundes er det slik at vi og allereie er godt igang med oppkøyringa mot årets største satsing frå Namdal Storband – juleshowet som vi i år har kalla «X-MAS 2018». Så det kan hende Erik og gjev oss litt julestemning når han først er her 🙂
Dette blir veldig gøy – hjarteleg velkommen til oss Erik!
Med helsing frå Namdal Storband v/musikalsk leiar Øyvind.
PS1: Husk å kjøpe billett til X-MAS 2018: