Vi i Namdal Storband satte oss i vår eit mål om at vi denne jula skulle presentere eit juleshow ved Kulturhuset i Nærøy som var ennå betre enn vi gjorde i 2016. Difor er det no ekstra godt å kunne gå jula i møte med å slå oss sjølve på brystet og påstå at vi lukkast med nettopp det.

Når ein har jobba mykje med noko, er det herleg å oppleve å nå sine mål. Som produsent og kunstnerisk ansvarleg for X-mas 2018 har eg difor no masa meg til å få setje saman nokre av dei beste bileta vi har fått frå showet, samt skrive denne helsinga med takk til alle som bidrog til at vi lukkast slik vi gjorde med dette prosjektet.
Frå alle oss i Namdal Storband kjem her aller først ei oppriktig julehelsing og takk til alle som var publikum ved X-mas 2018. Det hadde rett og slett ikkje vorte spesielt vellukka utan publikum 🙂 Vi takkar samstundes for alle dei positive og gode tilbakemeldingane vi har fått frå dykk etter showet. Det gir oss masse inspirasjon til å byrje å planleggje neste show…

Det er ikkje alle som er så heldig som meg at dei kan halde på med bortimot alle sine favoritthobbyar samstundes på ein slik måte som eg fekk under produksjonen av dette showet. Min personlege audmjuke takk går difor til alle musikarane i Namdal Storband. Takk for knakande godt samarbeid – denne naila vi! 🙂
Og tusen takk for at eg fekk lov til å boltre meg og vere musikalsk og kunstnerisk leiar – og forme eit slikt show frå rot til topp. Takk for tilliten!
Bilete frå X-mas 2018:
📷 Jane Vammen Nordstrand 📷 Fredrik Haugerøy/Ytringen 📷 Birger Aarmo/NA 📷 Jane Vammen Nordstrand 📷 Jane Vammen Nordstrand 📷 Birger Aarmo/NA 📷 Jane Vammen Nordstrand 📷 Jane Vammen Nordstrand 📷 Birger Aarmo/NA 📷 Fredrik Haugerøy/Ytringen 📷 Jane Vammen Nordstrand 📷 Jane Vammen Nordstrand 📷 Jane Vammen Nordstrand 📷 Birger Aarmo/NA 📷 Birger Aarmo/NA
📷 Jane Vammen Nordstrand
📷 Fredrik Haugerøy/Ytringen
📷 Jane Vammen Nordstrand
Så er det sjølvsagt mange som skal ha ein stor takk for at X-mas 2018 vart så bra som det vart. I heilt tilfeldig rekkefølgje takker vi difor med dette:
Medverkande på vokal:
Eivind Duun Myhre, Tina-Evelyn Buvarp, Agnes Beate Hamland, Amund Hellesø

Teknisk leverandør:
Rønningen Lyd- og musikkproduksjon (Åke, Aksel, Fredrik)
Sponsorar og støttespelarar:
Joker Bogen, Viplast AS, Norsk Jazzforum og Trøndelag fylkeskommune.
Per Gansmo for snekkerbistand med kulissene.
Birger Aarmo (Namdalsavisa), Fredrik Haugerøy (Ytringen) og Jane Vammen Nordstrand for bilete frå showet.
Og til slutt ein takk for godt samarbeid i komitéen for juleshowet, som bestod av:
Eskil Laukvik, prosjektledelse
Ove Petter Gansmo, scenografi, kulisser
Øyvind Nordstrand, lyd- og lysdesign
På vegne av Namdal Storband: GOD JUL! 🎅🎅🎅
-Øyvind Nordstrand, produsent X-mas 2018
PS: Les gjerne Terje Årseth sin eminente rapport fra konserten her.